(12.05.2022): Regjeringa føreslår i dag at Troms og Finnmark blir delt i to fylke.
– Vi lyttar til folkevilja i nord. I Troms og Finnmark har motstanden mot samanslåinga vore stor heile tida, mellom anna gjennom ein tydeleg folkeavstemming i Finnmark der 87 prosent stemte mot samanslåinga. No legg vi til rette for tenester nær folk og eit reelt folkestyre i både Troms og Finnmark, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i en pessemelding.
Om Stortinget fattar vedtak om deling før sommaren, kan Finnmark og Troms igjen bli eigne fylke frå 1. januar 2024. Regjeringa har gitt tvangssamanslåtte fylkeskommunar og kommunar moglegheita til å dele seg. Tre fylke og éin kommune har søkt.
– Vi følgjer opp regjeringserklæringa og føreslår at kommunen og desse fylka blir delt tilbake til dei gamle einingane. No er det opp til Stortinget å avgjere delinga av fylke og kommunar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.