Av Jostein Sandsmark
Det er idear som styrer verda. Små tankar tenkte av små menneskje, men som kan starta ein ulmebrann og setja heile verda i eit flammehav. Me treng ikkje leita lenge før me finn døme.
Ein liten austerrikar var blitt krenka i si nasjonalstoltheit etter krigsoppgjeret for WW1 . Det utvikla tanken om lebensraum og førde heile verda inn i eit krigshelvete utan sidestykke.
Me har hatt Mao som med sine idear drap eit ufatteleg tal millionar.
Pol Pot hadde ein ide om eit steinaldertilvere. Det kosta millionar av landsmennene hans livet.
I dag er det ein liten mann i Russand som har store tankar for ein ny sovjetstat. Det medfører eit hav av liding og død og ulukke for to land – og eit tap av velferd for all verda.
Men hjå oss er det vel ingen Putin?
For ti år sidan ville ingen tru det, men i dag kan han ikkje smuglast bort. Som øvste makthavande og fagansvarleg for heile statstyret, er han i posisjon til å dirigera heile statssskuta. Han sa: «Stol på meg når det gjelder ACER, strømprisen vil ikke øke mer enn 3-4 øre». ??
Lenge trudde alle at han var litt naiv og ikkje skjøna mekanismene, men det var ei positiv overvurdering. Han har visst presist kva han gjorde, og at han derved sette i gong ei rasering av den norske velferden – var med i kalkylen: For eg vinn meg meg eit namn i EU og FN når eg avhjelper energikrisa i Europa – den som vart innleia ved Merkels Grüne Wende – med nedbygginga av fossile energikjelder. Men vår mann var ikkje åleine, han hadde Erna Solberg med seg og lojal støtte av resten av rikspolitikarane. Ernas nære ven og utanriksminister Børge Brende tok snarvegen då han vart utskifta som minister – og vart nestkommanderande hjå Karl Schwab i Davos.
Statsministerens rause julegåve til Fredrikstad var Straye Trebygg – konkursen der 49 vart arbeidslause. Men det har nok ikkje kosta han serleg nattevoka. Nyttårsvisjonane hans for 2024 har så langt blitt uttrykt ved at han: «Jeg krysser fingrer for det nye året».
Det var ikkje mykje statsmannsfakter over den klisjeen.
Men det er som det skal vera for å få hans berande ide sett ut i livet: Eit forfengeleg ynske om å drikka champagne med fiffen i EU og FN.
Alt dette får me i fanget fordi ein liten forfengeleg og egoistisk tanke har oppstått i ein velkledd nordmann – og fører til dyrtid og nødssituasjon i heile landet.
Mange har undrast over statsministeren sin hang til Hamas? Men han legg ikkje sjølv skjul på det. Han måtte pressast i 5 dagar før han ville kalla Hamas ein terrororganisasjon. Det ville skada venskapet.
Islam og Den Nye Verdsordninga har same framtidsmål. Det spørst kven som når fram først.