Av Jostein Sansmark
Åslaug Hagahar skrive eit offentleg innlegg der ho ivrar for vindkraftprosjekta. Ho ynskjer fleire vindkvernar, men argumenta heldt ikkje mål.
Ho skildrar dei tusenvis av turgåande og fritidstrafikantar som hadde nytta vindparkterrenga sidan 2011. Ja, ein må bruka det ein har, sjølv om det er utskjemt – når ein ikkje har noko alternativ.
Haga peikar på at inngrepa berre utgjer to tre posent av arealet. Men dei veivande kvernarmane kan ei sjå på mils avstand.
Ho nemner at kommunane kan innkassere 900.000 i subsidier til utbyggjarane. Men kor tek Staten dei frå? Staten har ingen penger – utan dei han tek frå fellesskapet.
El-kraftverk som treng subsidiar er ikkje berekraftige – og vindkraft kan ikkje levera straum til mindre enn 70 øre KWt. Tek ein med alle kostnader frå bygging til skroting – og kostnadene med balansekraftverk, blir prisen truleg minimum tre kroner per kWt. Og då er ikkje miljøskadene tekne med. Dei har ein ikkje oversikt over heller ennå.
Utanom plassen dei okkuperer av urørd natur kjem slikt som insektskading, fugledød og forureining av naturen med lyd, giftig oljesøl, mikroplast og destrueringa av komposittvengjer etter få år.
Stel du eit ørneegg, kjem du i fengsel. Men berre i ein vindpark i Trøndelag er det registrert 100 ørnedrap. Utan at det blir reist tiltale.
Skulle det ikkjevera Statkrafts oppgåve å syta for rimeleg straum til norske innbyggjarar? Men heile diskusjonen og den tvilsame vindmøllebygginga er unødvendig og bortkasta.
Føresetnaden til Haga lyder: «For det tredje trengs kraften». Nei, slett ikkje. Det er ei kunstig behov som er politikarstyrt. Me har nok av billig vasskraft til eige bruk. Det er EU som treng meir kraft – etter at dei stengde kjernekraftverka og narra Erna Solberg til å overta vindmøllefiaskoen som Tyskland ikkje ville ha meir av. Og nå har Støre gjort avtale med Deutche Bahn om å levera straum til 30 øre per kWt (i ti år!) – og det må vera vår nåverande vasskraft? Så då treng me såvisst meir utbyggjing av kostesam vindmøllekraft.
«Vi står midt i en klimakrise» – fortel Haga – og koplar den til Hans-øydelegginga. Om så var – det er ikkje klimamåla som kan bøta på den. Vårt bidrag til å senka CO2 utsleppa utgjer berre promiller i verdsmålestokk, og me hadde alt innfridd måla dersom Erna Solberg hadde teke med CO2-opptaket av skogen vår, slik som andre nasjonar gjorde. «Då ville det ikkje vera nødvendig med tiltak hos oss», sa ho. Nettopp. Og dermed kunne ho ikkje sola seg i glansen av å vera eit føredøme for nasjonane med klimatiltak.