Av Jostein Sandsmark
Kyr fjertar – sjølv om det sjeldan skjer – hestar prompar langt oftare. Fisen inneheld CO2 som er ein «klimagass». Dermed meiner damer i MDG at me må trappa ned storfehald og eta mindre kjøt. Det vil hjelpa på CO2 budsjettet og klima-rekneskapen.
Nå har Det grøne skiftet begynt å avdekka dei uheldige sidene; ikkje berre på straumprisane, men på mange fleire varer og tenester. Me har fått ei dyrtid som var heilt unødvendig.
Elektrisifisering av Melkøya ved Hammerfest betyr eit enormt pengesluk og ei rasering av infrastruktur, velferd, natur, reinsdyrdrift og anna næringsliv. Finnmarkingane rasar. Like fullt blir det pressa fram fram. Men er det for seint å snu? Det ser slik ut. NVE, Statkraft og Statnett har gjort sine avtalar med utanlandske investorar, og då ville Støre taper ansikt og tillita hos ein stor flokk menn i EU, FN og WEF, og tapa sjansar for ei framtidig stilling blant desse.
Støre har alt gjort ein avtale med Deutsche Eisenbahn-Gesellschaft om å levera el-kraft til 20 øre Kwt. Kor vil han ta denne billige krafta frå? Det kan ikkje bli vindkraft?
Denne overgangen frå fossilenergi til fornybar vindkraft har alt kosta dyrt, og vil i framtida kosta endå meir av velferd og rasering/utarming av næringslivet. Men for å berga verda frå klimakatastrofe er ingenting for kosbart – seiest det.
Men til det er å peika på to forhold: Klimakrisa er fiktiv, ein menneskeskapt ideologi utan støtte i røyndomen. Havet har ikkje stige, og middeltemperaturen i verda er ikkje i ein grad som medfører ulemper. Sola med sine vindar og utbrot styrer ver og klima som ho alltid har gjort, og vassdamp er ein langt meir verksam klimagass enn CO2. Dette regulerer havet som det har gjort bestandig. Det menneskelege utsleppet har berre marginal verknad, og det norske utsleppet berre som eit musemig i havet. Like fullt blir det køyrt fram som livsnødvendig – sjølv om kostnaden er ei rasering av økonomi, velferd og samfunnsgoder. Born vert skræmde og ungdom blir deprimerte og mister livsmotet.
Parisavtalen – som omfattar land i heile verda for å redusera CO2- utseleppa – har me innfridd frå første dag dersom me hadde teke med skogen vår sitt opptak av CO2 – slik som andre land har gjort. Men det ville ikkje Erna vera med på: «Då ville det ikkje vera nødvendig med nokon tiltak hjå oss» – hadde ho sagt. Og dermed kunne ho ikkje sola seg i glansen av å vera «eit føredøme for nasjonane med klimatiltak».
Støre sto nettopp fram ved innviinga av ny havvindpark: «Historisk!». Ja, truleg på same vis som Månelandinga til Stoltenberg på Mongstad.
Det er snart val. Me burde vita kven me burde stemma ut for å sleppa meir vanstyre av fedrelandet.