Av J. Sandsmark
Det var vemodig å sjå statsminister Støre på TV då han veiva med armane der han poserte framfor havvindkvernene.
Han la opprømt ut om at dette kunne bli århundrets pyramide. Men det er langt meir truleg at det blir ein liknande fiasko som ministerkollega Stoltenbergs Månelanding på Mongstad.
Støre har ingen fagkunnskap omkring dette temaet, og fagfolka høyrer han ikkje på. Men dei har rekna ut at det blir eit tapssluk som slett ikkje er berekraftig korkje økonomisk eller miljømessig.
Men Støre låner ikkje øyra til desse, og ingen i Stortinget seier han i mot.
Opposisjonsleiar Erna sit også stille i båten og er like hekta på å føya seg etter EU og Storkapitalen, og kalla dei politikarane som ikkje vil gå EU og FN’s ærender, men arbeider for det norske folket sine tarv, for Sammensuriet. Det var ho som gav oss bort til Acer og skapte energikrise og dyrtid for oss vanlege folk. Det skjedde ved at Merkel knesette prinsippet Die grüne Wende – og fekk med seg heile EU, Erna og Jonas.
Merkel la ned kol- og kjernekraftverk før Det grøne skiftet var på plass. Vindkraftfiaskoen var begynt å syna seg, så Tyskland avvikla det meste av dette prosjektet og selde ideen billig til Erna – for så å få rein kraft frå Noreg. At me ikkje kunne metta dette enorme behovet i EU førde til at Erna og Jonas reiste ein skog av vindkvernar på våre fjell og kystar.
Men vindkraft er og kan aldri bli, berekraftig økonomisk utan svære subsidier, eller kjempehøg el-pris. Men dette skal bli ordna: Ved straummangel fyk prisen til vers, og den statlege stønaden til vindmaskinbyggarane har ingen grenser.
Regjeringa har subsidiert havkraftbyggjarane med 8 milliardar. Nå har dei saman med SV sett at dei treng 23 milliardar. Men mangt tyder på at det kan bli snakk om 50 milliardar. Kven sine lommer blir desse pengane tekne frå – og i kven sine lommer hamnar dei? Dei har neppe heimeadresse i Sogn eller på Toten.
Grøn havvind
John Kerry, USA’s klimautsending, sat nyleg i TV-ruta og gramma seg over klimakrisa. «Millionar døyr av heten», klaga han. Korhen? Meg fortalt er at hittil har fleire døydd av kulde. Men han hadde sitt på det tørre; han hadde bil nr. to som var el-bil. Ingen hadde fortalt han at el-bilane frå starten og til skroting er eit miljøsvin. Materialar, produksjon og avvikling medfører like mykje CO2 utslepp som fossil-bilane, og er i sum sterkt miljøbelastande.
Støre: «Jeg satt nylig med hele den europeiske havvindnæringen på et møte….». Då antar me at alt som vart sagt og framlagt var fatta på deira premisser?
Slik uttrykte han seg etterpå: «Havvind vil stå helt sentralt, og vind og sol på land. Vi skal satse på energieffektivisering og videre elektrifisering av sokkelen».
Han verkar uvitande om at ved bygging av vindkraftforsyning trengst like store balansekraftverk, og at vindkraft ikkje blir «lønsam» med mindre at prisen kjem opp i 5, eller kanskje heile 9 kroner per kWh. Er det dette folk vil ha?
I USA aukar skepsisen til havvind som positiv miljøfaktor. Fleire daude knølkvalar har reke i land. Mistanken går mot lyd og vibrasjonane frå desse vindgeneratorane.
Støre: «Vi trenger mer el-kraft». Nei, slett ikkje. Me har nok billig straum til eige forbruk – dersom me let vera å kasta oss på å løysa EU sitt enorme sjølvpåførte kraftunderskot. EU er ikkje vårt ansvarsområde. Erna og Jonas står ansvarlege for det norske folket; og me er ikkje eingong medlem av EU.
Men kva alternativ har me til regjeringar av Erna eller Jonas? Ingen. Kva med SP og Vedum? SP har alltid vore distriktsvenlege og partiet for vanlege folk. Men nå er Vedum kjøpt og betalt med jordbruksoppgjeret og sit stille i båten og let alt skje til ulempe for oss vanlege landsens folk.
Frp? Nei, dei er også blitt globalistar.
Men det er eitt parti som har eit sunt syn på energipolitikken og dei andre viktige politiske sakene. Men det blir bortgøymt og plassert i «Andre» på alle målingar. Men det er like stort som Rødt og MDG var før forrige val (over 1 prosent). Dei vart likevel tekne inn i varmen og fekk eksponera seg på paneldebattar og i politiske program på NRK i radio og TV.
Det bortgøymde partiet heiter Konservativt, har det beste partiprogrammet, og gode folk til å iverksetja det.