Av Jostein Sandsmark
(KOMMENTAR): Kyrkja har lagt seg til ein ny politikk. Den nye trua er at kyrkja skal frelsa planeten – ikkje menneska. Det er heilt i pakt med det som er in i tida – å vera politisk korrekt. Den nye guden som skal tilbedast heiter CO2, og ofringa omfattar alt av fossile energikjelder og strenge klimakvotar.
Me er tilbake til førkristen tid der folk vart skræmde med uver, dårlege avlingar og farsotter. Gudane måtte blidgjerast med ofringar for å avverja den trugande katastrofa.
Bibelens første bod: «Du skal ikkje ha andre gudar enn meg» – er gått ut på dato. Men i Bibelens eldste bok – 4000 år gamle Jobs Bok – er det referert til ein dialog mellom Job og Gud. Job er ein rettskaffen mann, men lir av overmot. Gud spør Job om han kan styra universet: «Kan du senda lyn? Kven har gitt ibisfuglen visdom og hanen forstand? Kven kan telja skyene? Kven heller vatn frå himmelens krukker?»
Dette måtte Job vedgå at han ikkje kunne. I klimasaka går menneska ut over sine avgrensingar og trur dei kan styra klimaet. Men me kan ikkje kopla ekstremver saman med klimaet og dermed spå korleis klimaet vil verta i framtida. Det er sola som styrer klimaet.
Det blir hevda at dersom me ikkje når dei heilage klimamåla, må me bruka speglar, sleppa ut gassar som dannar skyer i atmosfæren for å hindra overoppheiting. Men me har korkje forstand eller verktøy til å handtera dette. Naturen er skapt av Gud – kulturen og miljøet er menneskeskapte. Der har me vårt ansvar og oppgåve.
Ved slutten av førre hundreåret (1900) var det mange som meinte at alle oppfinningar og oppdagingar var gjorde – universets løyndomar var avdekka. Mennesket rådde over alt.
Som eit resultat av overmot og stormannsgalskap vart verdas største skip, Titanic, bygd. (titan = mektig gud). Titanic’s forlis på jomfruturen peika på at me menneske ikkje skal ta plassen til Gud – gjera oss til gudar.
Det er Skaparen som må ta hand om universet, naturen og klimaet, – men me menneska har ansvar for det menneskeskapte miljøet og den kartastrofa som der byggjer seg opp.