* Ein vert trøyttast av ugjort arbeid.
* Min styrke veks ved å erkjenna min veikskap.
* Det finst ingen lyd – seier den døve.
* Koss har du det? Veldig bra, eg misunner ingen og vil ikkje byta med nokon.
* Eg kan ikkje godt vera for abort, – for eg er nummer sju.
* Etter ein vellukka hofteoperasjon: Eg har nesten gløymt ut kva for ein fot eg skal halta på.
* Småkårsfolk som sandsmarkingane skal ikkje vanda slikt som: Skalkar, smular, skorper, snerk eller skover. Alt er mat, seier mammo.
* Det er surt å bera slunken sekk heim frå bærskogen.
* Det er lett å bera tung bør heim frå bærmarka.
* Dei finaste bæra er dei som er komne oppi bøtta.
Aldersrelaterte ordtak:
* Når ein blir gammal, kjenner ein seg framand i eigen kropp.
* Eg har fin ballanse når eg ligg. Det er når eg står opp at eg sjanglar.
* Ein blir så sliten av å gjera ingen ting.
* Det er vondt å venja seg til at kroppen eldest for kvart år, – når ein har vandt seg til vera ung og sterk i førti. Eg er alltid på etterskot.
* Her ventar ein på å bli vaksen, og så oppdagar ein at ein er gammal. (Andor Sandsmark)
Teologisk relaterte ordtak:
* Når Gud er uforståeleg, – er det Han eller forståinga me skal lita på?
Jostein Sandsmark