Av Jostein Sandsmark
Det er for tidleg å skriva nekrologen, men påtrengjande aktuelt å skildra sjukelega.
KrF ligg på sotteseng. Slik har det vore lenge. Og sidan nedbygginga har vara lenge, – heilt sidan tida med Bondevik – og halde fram med Haugland, Hansen, Eriksen, Hareide, Ropstad og Bollestad, har Grunnfjellet smuldra bort. Men – nei, dei er ikkje borte, men blitt partilause sidan KrF har forlate si opphavelege plattform og blitt eit parti på linje med alle dei andre. KrF har frå å vera eit meiningsberande parti med klåre verdimål for samfunnet blitt eit haleheng til dei andre.
Det er ikkje veljarane som har forlate partiet, men leiarane som har svikta ved å gje det ein annan identitet – i tråd med deira eigne politiske idear og trendy åndsretningar i tida – slikt som ikkje samsvarar med KrF sin grunnvoll.
At de ikkje skjemst! Gå inn i eit veletablert, verdibasert parti som hadde respekt og slagkraft – og så arbeida målretta for eigen personleg agenda – til ei endring mot det som alle dei andre partia hadde som målsetjing!
Symptomatisk er det at K’en i KrF som tidlegare stod for Kristelig og Konservativ nå er nedtona og peikar på Klima, klima! Dei verdikonservative måla er nedtona og blir brukt som vekslepenger for å oppnå småsigrar på partiprogrammet.
At det ikkje demra for dykk leiarane når oppslutnaden dala jamt og trutt frå over 13 prosent til nå under 3 prosent – kan gjera ein forstøkt. Rett og rimeleg var det då å ta sin hatt å gå frå borde før meir skade var skjedd. At de ikkje forsto at det var dykkar politiske syn som ikkje samsvara med partiplattforma som sette lekkasjen i verk! Eller ennå verre: De visste, men likevel fremja dykkar eige syn – til partiets undergang?
Den einaste eg veit som har gjort rett er barnet Simen Bondevik. Når han ikkje fekk vikja partiet til si liberale lei, gjekk han over til eit anna. Men det skulle bestefaren, Haugland, Hansen, Eriksen, Hareide, Ropstad og Bollestad også gjort – i staden for å leia partiet sitt (vårt) i same leia som alle dei andre. Med god hjelp av Vårt Land har det blitt pro globalisme, liberal teologi, homo, abort og pro klima. Det har aldri vore KrF-politikk.
Kva er så att av det slagkraftige verdipartiet som var ei rettesnor i verdisaker, var kjøl og ror for dei andre stortingsrepresentantane – i alle viktige verdisaker?
Kvifor måtte Geir Morten Nilsen forlata KrF? Kvifor måtte Moltu-folka i Bergen skifta beite? Kvifor vart ikkje den folkekjære og friske politikaren i nord vald til formann?
Kva skal ein med eit utvatna KrF når me har SV, Ap, og MDG?
«Som ein reier, slik ligg ein», heiter det. Ja, så menn. De har rasert det beste partiet me har hatt i landet dei siste 80 åra. Nekrologen kan snart skrivast.