Av Jostein Sandsmark
Er det folkeviljen som er utslagsgjevande, eller er det den valde politiske elite som får viljen sin? – Det synest å vera eit stort gap mellom dei styrde og dei styrande.
Det er ei lang rekkje med av lovar, føresegner, ordningar og tiltak som me er blitt påførde dei siste åra.
Ordningane har ikkje kome frå fotfolket som ei folkereising, men pålagt oss utan at me som må bera kostnaden og konsekvensar av vedtaka har fått vore med i prosessen. Folk blir haldne for narr, lurte, manipulerte og loppa for milliardar.
Eg tenkjer på ting som:
DAB-BEDRAGERIET. Kva har me fått att for milliardkostnadene?
VINDTURBIN-FIASKOEN. Kven skal bera kostnadane når konkursane renn inn?
KLIMAKRISA med KLIMAMÅLA. «Vi skal bruke klima/miljø som verktøy til å få kontroll over folk for å innføre verdensregjering» – sa Gro Harlem Bruntland. Ho har lykkast. Men kven får angst og må betala prisen for dei gagnlause CO2-tiltaka.
OZONHOLET. Kor vart det av det skræmelege ozonholet som skulle grilla oss?
OSLO-AVTALANE. Dei har kosta hundrevis av menneskeliv og tallause kroner – utan å gje fred, – men berre hindra ei god utvikling.
EU-UNDERKASTINGA. Kva nytte og gagn har me hatt av lydig å fylgja alle direktiv og forordningar frå EU?
FN-TILSLUTNINGA. Kan det vera rett, – slavisk å jatta med alt det denne monster-organisasjonen finn på?
STRAUMKABLANE. Kva sa dei teknisk kompetente motstandarane av dette enorme feilgrepet før det vart iverksett?
EL-BIL-SATSINGA. Det Grøne Skiftet – som vart iverksett utan konsekvensanalyser og heilheitsvurderingar – står nå framføre ein diger ballong-sprekk. Kven tek ansvaret?
BISTANDSPOLITIKKEN. Av dei få røystene om resultat og nytte som slepp ut, går det fram at milliardsatsinga i titals år har vore meir til skade enn gagn for mottakarlanda. Pengene har hamna i urette lommer.
MULTIKULTUR: «Dere skal få multikultur enten dere vil eller ei» – sa Anniken Huitfeldt. Javel, – men har det ført til eit betre samfunn?
MEDIA-EINSRETTINGA. Pressestøtta for å få fram mangfaldet i mediabiletet har vorte eit verktøy til å skvisa ut dei røystene som ikkje samsvara med fleirtalet; det poitisk korrekte.
COVID-19 HANDSAMINGA, NEDSTENGINGA AV SAMFUNNET. Lite profesjonelle og gjennomtenkte tiltak – alltid etter det som EU føretek seg. Uførebudd og vinglande.
PÅDYTTINGA I SAMFUNNET AV FRI- OG PRIDE- IDEOLOGI, FEMINISERINGA AV SAMFUNNET. Ei ideologisk bølgje ute av proporsjonar med store og ukontrollerte konsekvensar.
Alle desse politikarvedtekne, feilslåtte og uheldige tiltaka har kosta oss fotfolket milliardar på milliardar. Dei sjølve har ikkje dette kosta ei krone – tvert om: Mange har skodd seg på eventyra med store goder og påslag på ulike vis. Politikarmakta har ignorert folkemeininga. For kva føresetnader har stortingsrepresentantane til å vurdera avanserte tekniske ordningar? Ingen. Dei må bruka konsulentar og rådgjevarar og kjem i hendene på finansfolk som har seljarteft og talegåver.
Makt korrumperer. Ingen vert stilt til ansvar for feilgrep, – og politikarforakta veks.
Kvifor fell oppslutninga om styringspartia? Fordi ingen leverer; dei berre øyder verdiar. Det er ingen truverdige parti å stemma på lenger.