Av Willy Gryting
(OPPBYGGELSE): «Om ein mann har hundre sauer og misser ein av dei, går han då ikke frå dei 99 og leiter etter den bortkomne sauen? Og når han har funni han, er han glad og tek han på herdane sine og ber han heim. Så kallar han i hop vener og grannar og sier: Gled dykk med meg! Eg har funni sauen eg hadde mist. Såleis skal det vera større glede i himmelen over ein einaste syndar som vender om, enn over dei 99 som ikke treng omvending” (Lukas 15, 1–7)
Dette er ordrett avskrift frå ei slik bibelsoge som eg måtte pugge ordrett då eg gjekk i folkeskulen.
Når det er sauesanking, er eg viss på at bonden er veldig glad om han finn att alle sauene han hadde sendt ut på beite i fjellet. Og om han ikke finn alle, dreg han på leiting, slik vi les i bibelsoga.
Slik er Gud og. Som Gunstein Draugedalen syng i ein song: «Gud vil ikke miste en eneste en. Han alle vil adle og eie».
Er du ein som har kome bort frå samfundet med Gud? Du var ein dei kunne rekne med. Men så vart du kanskje skremd på ein eller annan måte, slik det kan gå med sauene, eller du sovna, og blei borte frå flokken. Gje lyd frå deg når Han roper! Han lengtar så inderleg etter å finne deg att. Han gret om Han ikke finn deg.
Og du som veit at du er eit Guds barn saman med dei andre i kyrkjelyden. Gud treng deg så sårt til å være med på å leite etter dei som er komne bort. Det hastar mot haust og vinter.