Av Jostein Sandsmark
Klimakrise – vekst og forbruk er aktuelle stikkord i dagens samfunnsdebatt. Ungdom og eldre er blitt uroa og skræmde av dystre spådomar, og negative klimaendringar peikar på kor ille det vil gå med kloden og oss.
Nå har dei religiøse domedagsprofetane fått konkurranse. Men dei skil lag når det gjeld årsakene. Klimaprofetane av i dag hevdar at endringane er menneskeskapte, og at det er CO2-utsleppa som er den store ulukkemakaren. Men dette er ei oppfylging av ein oppkonstruert og tvilsam klimamodell, slik som fleire av dei andre framtidscenariene som er lanserte.
Som prov på at dette er truverdige fakta, blir det hevda at når 97 prosent av klimaforskarane seier dette, så må det vera sant. Men vitskapelege fakta vert aldri til ved fleirtalsvedak. «Minoriteten har alltid rett», uttala Henrik Ibsen. Klimaforskarane overlet sine vitskaplege «fakta» til politikarane og klimademagogane, som underslår dei fakta på bakken som ikkje samsvarar med deira undergangsprofetiar, og store ressursar vert sett inn for å forhindra den forventa katastrofen.
Det liknar på hysteriet kring ozonlaget med alle dei kreft- og hudskadane som då ville oppstå – og som ikkje slo til.
To ting kan seiast om dette. For det første er det uvisst om det er – eller blir ei slik påstått krise.
For det andre er det god grunn til å tru at klimaendringane har mennesket liten innverknad på. Det er sola som styrer klimaet, og temperaturendringar har det vore i heile verdas historie – med istider og varmeperiodar. For nokre tusen år sidan streifa det mammutar rundt i Sibir, og furustammene sto tett over Hardangervidda. Det var ei fin tid å leva i – utan at menneska hadde hatt innverknad.
Nei, klimahysteriet låner angst av miljøskadane som aukar i skræmande grad. Det er miljø-øydeleggingane som er menneskeskapte – og som få eller ingen vil gjera noko gjennomgripande med.
Me druknar i avfall av ting og stoff som ein gong har vore verdfulle og nyttige. Det er vondt å sjå på avfallsmottaka kva som vert utskifta, kasta og destruert, ting som er vel brukande eller kan vølast, lite og ikkje brukte varer – kanskje berre gått av mote. Butikkane har eit enormt matsvinn og vraking av varer utgått på dato.
For vår livsfilosofi er: Di høgare forbruk, dess lukkelegare liv. Me lever som om livslukka er proporsjonal med konsumet: – av kor mykje mat me kan stappa i oss, kor stort forbruk me kan få til av varer og tenester, kor mykje luksus me greier å kosta på oss. Det er blitt ein folkeforlystelse å gå på marknader, i handlegater og varehus for å shoppa ting me slett ikkje treng. Kan dette vera goder som er verd kostnaden?
Eg budde tre år i bushen i Sør-Sudan som bistandsarbeidar saman med 100 andre norske. Det var knapt om alt, men me fekk det me trong, og alle hadde det likt. Ein periode var mat-risen befengt med insekt, så me la gryna i vatn – då flaut insektpuppene opp så ein kunne fløyta dei av. Når me steikte brød, gjekk me utandørs, for insektstanken var spiss. Ungane fekk iskrem og eple to gonger i året – til jul og 17. mai. Det var stas. Ingen hadde bry eller kostnad med å halda vekta. Det var lite og ingenting å bruka penger på. Men me hadde andre goder og gleder som var tilgjengelege – og alle, både store og små, ser tilbake på tida i Afrika som ei fin tid.
I dag består næringslivet i ein by/tettstad for det meste av handlegater og butikkar. Kva produserer dei? Kva tilfører dei av verdiar i samfunnet? Ingen etatar pøser på med dyr reklame som dei. Det burde ikkje vera lov å ta alt dette til frådrag i rekneskapen. Ein burde kunna nøya seg med ei rimeleg marknadsføring for å gjera varene kjent.
Ein gong samla eg opp gjennom året alt av reklame som kom i postkassen. Det vart 14 kilo med firefargetrykk på glansa papir. Når ein så veit kva det kostar å få trykt opp eit lite takkekort i 50 eksemplarer, – framstår dette som ei mega-sløsing til lita nytte. Det er ingen gangbare grunnar for å driva med dette sløseriet. Ein kan reservera seg mot slikt reklamepåtrykk i postkassen, men produsentane finn andre måtar: Lokalavisa er tjukk av innstikkaviser, gjerne to–tre stykker med varetilbod som ein slett ikkje treng. Visst er det gratis, men nokon må betala for det – og det blir til slutt oss forbrukarane.
Vegane er for vegfarande – for at folk skal kunna ferdast frå stad til stad, og varer fraktast hit og dit.
Men når bygdene fortettar seg og vegane gjennom tettstadane vert flaskehalsar, vil vegstellet styra gjennomgangstrafikken utanom senteret. Nei! ropar handelsstanden. Då vil dei reisande dra forbi og omsetjinga vår gå ned! Dei talar som om vegen er til for handelsstanden og trur visst at vegen berre er til for å føra kundar til butikken.
I Hallingdal blir kommunar og bygdesentra samanlikna og rangerte etter kor stor omsetnad det er pro capita. Ål kom dårlegast ut ved siste måling, og lokalavisa stakra ålingane og meinte det måtte takast grep for å retta på tilstanden. Men kanskje ålingane har andre verdimål enn eit overdrive konsum? Kanskje det kan finnast større verdiar enn eit skadeleg overforbruk?
Vekst er nøkkelordet i kommunepolitikken overalt. Nåde den ordførar som ikkje kan stilla i utsikt framgang og vekst i velferd og levestandard i bygda/byen sin. Men ein vekst av kjøpesentra, varehus, handlegater og shoppingsenter fører berre til ein auka omsetnad med bruk og kast som ikkje er sunn.
Men når byar og tettstadar lokkar med digre kjøpesentra og får oss til å tru at shopping av varer og ting me ikkje treng – at det skal vera det store i tilveret – å ha siste mote i alle ting – då er me fanga av ein grådigheits-ukultur som ikkje er berekraftig på sikt.
SSB opplyser at nordmenn har ei inkassogjeld på 114 milliardar. Det er altså mange som lever over evne – lenger enn fellen rekk. Det er urovekkjane å sjå alle hytter, leiligheitsbygg som gror opp overalt ved sjøen, i skog, ved strender og til fjells, og som lengste tida står tome. Etter sesongen står det ein bubil eller ei campingvogn på meir enn annakvart tun i Nord-Noreg. I Oslofjorden og kystbyane er hamnene pryda med skogar av mastrar til seglbåtane. Langs kysten står det fritidsbåtar på alle tun og i fulle båthallar. Er dette ein berekraftig kultur? Nei, ingen tre veks inn i himmelen, og ballongen må bresta til slutt.
Den umåteleg dyre omlegginga til eldrift av motorparken, og den kostesame etableringa av vindturbinane – som skulle vera drivkrafta i det grøne skiftet og berga klimamåla – viser seg å vera sterkt miljøøydande. Nyleg køyrde eg min 12 år gamle dieselbil frå Geilo til Oslo på 0,33 l/mil. Eg byter ikkje til elbil. Det er dei kommersielle aktørane som profiterer på denne «grøne» omlegginga. Folket som ber kostnaden, er blitt lurt. Våre politikarar har styrt prosessen og lurt seg sjølve og oss. Nå krev Miljøpartiet De Grønne at hundrevis av ulovleg oppsette vindmaskinar på Fosen må skrotast og landskapet tilbakeførast til slik det var før Den Grøne Skiftet – det som vart heia fram av det same MDG.
Det grøne skiftet som skulle oppfylla dei heilage, berekraftige klimamåla, har blitt ein økonomisk fiasko og i ferd med å bli eit nytt miljøproblem.
Det blir meir og meir klårt at det er vårt overforbruk som skadar miljø og levevilkår for alle – verst i fattige land som skal bera ulempene med vår livsførsel. Men før eller seinare vil også skadane nå oss – når skogane er snøydde, insekts- og dyreliv er redusert eller utrudde, når livet på land og i hav er forgifta, dyra har ete seg i hel på plast og søppel, miljøgiftene har lagt skog og vatn øyde og ressursane er oppbrukte.
Gløym «KLIMA» for ei stund og ta tak i vårt sløserisamfunn med overdrive motejag, luksusliv, forsøpling og rovdrift på ressursane.