Av Jostein Sandsmark
(KOMMENTAR): Nyleg var preiketeksten i DnK ordet i Matt 16,24 der Jesus uttalar desse sterke orda om å vera på lag med han. Kva for kross er det me her hjå oss skal å ta opp og bera i Jesu namn?
Me får dagleg rapportar frå den vide verda der det er hard forfylgjing om du bekjenner Jesu namn. Einskildmenneske vert utstøytt frå familien, og heile familiar vert trakasserte og jaga bort frå hus og heim med vald og fråtekne livsgrunnlag og levevilkår. Dette skjer i utstrakt grad i India, Pakistan, Nord-Korea, Kina, Nord-Afrika og Midtausten. Dei ber Kristi kross.
Her hjå oss har me heldigvis heilt andre vilkår. Men det er ikkje utan fare å ha gode dagar. Har me sterk nok rygg til dei? Me kan vera opne om vår tru og gudsdyrking. Vårt presteskap har sikker løn og ordna arbeidstilhøve. Men ser me nokon som ber Kristi kross? Dei er få. Kyrkja er politisk medstraums og hyller dei sekulære trendane. Det er liten saltsmak i forkynninga. Tilmed organisasjonar med «Kristeleg» i namn og opphav tonar ned sitt kristenkall og talar med same munn som dei sekulære. K’en i KrF betyr nå Klima, klima, og Vårt Land, den største kristelege avisa i landet, vågar ikkje å fylgja Jesu formaning om å heisa flagg for ein bibelsk ståplass i dei aktuelle sakene som samkjønna ekteskap, abortpraksis og fokus på det «eine nødvendige». Det kunne for avisas del fort resultera i eit tap av pressestøtte. Den krossen vert for tung å bera.
Martyrane sitt blod er kyrkja sitt såkorn. Hjå oss er det lite blodspor å øygna, – men så ser me også liten ettervekst på åkeren. Kyrkja taper terreng, saltet har blitt utvatna, og kyrkjetreet har mange turre greiner. Hadde kyrkjefolket våga å målbera Bibelens syn mot dei sekulære trendane som homoekteskap, Pride-bylgja, abortpraksisen vår med 12.000 barnedrap kvart år, stoppa hetsinga av Israel og vist omsut for dei forfylgde kristne sysken i mange land – ville ein kunna melda at dei har teke opp Kristi kross og bergar livet sitt.