Av Jostein Sandsmark
For eit par tiår sidan merka eg meg denne utsegna frå Karsten Isachsen: «Dagbladet er i mot kyrkja, men for kvinnelege prestar». Det eit morosamt ordspel, men uttrykkjer også ei djup sanning. Dagbladet er ikkje stor på teologi, men dei har teft, og i dette stykket – eit profetisk klårsyn. Med sitt ateistiske grunnsyn er dei sjølvsagt ikkje for kyrkja, og dei anar kva som kan skada den. Og han, hvis namn tyder Motstandar, veit nok kva som tener Kristi Kyrkje på jord og kva som vil skada henne – og han kan påverka sine tilhengjarar.
Me ser det tydeleg nå: Kvinneprestane har drege med seg eit liberalt livssyn som gjev seg utslag i feministteologi, sekulær familie- og samlivspraksis, abortsyn, og generelt eit lite truverdig bibelsyn.
På 20 år har kyrkja endra sitt syn på fleire teologiske område som har lege fast i tusen år. Samstundes har bibeltruskapen falma, og sekulære synsmåtar fått innpass. Det spørs ikkje lenger etter kva som står i Skrifta og å bruka det som rettesnor, men det er det som er oppe i tida som blir norma.
Kyrkja er nå styrd av ei rekke trendryttarar. At desse i sitt mangeårige teologiske studium skulle vita kva Skrifta held for sant og beflitta seg på å forkynna det – dei har nå innteke ein kritisk og uengasjert haldning til Bibelens hovudsak: Visa oss vegen til EIT EVIG LIV.
Skrifta sitt klåre ord om at det skal framstå falske profetar ser ikkje ut til å vekkja ettertanke. For når har det blitt observert at det har vore tema å avdekka og ta avstand til dei som forkynner ubibelsk lære?
Lærenemnda er nedlagd, og trendryttarane har sjølv overteke overvakinga av den rette bibelske. Og dei har det travelt med å isolera desse som held fast på Bibelens ord.