(Pressemelding, 07.10.2020) Regjeringa foreslår ein auke på om lag 3,5 milliardar kroner som gir eit forsvarsbudsjett på om lag 64,5 milliardar kroner i 2021. Det er ein reell auke på 4,1 prosent frå budsjettet .inneverande år og ein reell auke på 30 prosent sidan 2013. Forsvarsbudsjetta har auka kvart år under denne regjeringa, med ei kraftig årleg opptrapping kvart år frå 2017. Med forslaget følgjer regjeringa opp lovnadene i langtidsplanen for forsvarssektoren.
Regjeringa har tatt viktige grep og snudd utviklinga i Forsvaret. Noreg står i dag betre rusta til å ta vare på våre tryggingsinteresser. Forsvaret opererer meir og har eit høgare aktivitetsnivå enn på mange år. Samstundes står Forsvaret overfor store utfordringar i 2021..
– Det er krevjande at fleire ting skal gjerast samstundes. Vi har auka krav til reaksjonsevne, til beredskap og evne til å halde ut. Samstundes fortsett moderniseringa av infrastrukturen, vi skal fase ut gamalt materiell og fase inn nytt. Sidan 2017 har satsinga på vedlikehald, reservedelar og beredskapsbehaldningar, inkludert å henta inn etterslep, gitt betring for dei operative styrkene. Reservedelar og beredskapsbehaldningar definerer vi som forsyningsberedskap, og det tar tid å bygge opp, og arbeidet fortsett med auka styrke i 2021. Vi fyller opp beredskapslagra med materiell og reservedelar slik at vi kan innfri operative krav og klartider, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.
Det er i hovudsak Hærens forsyningsberedskap som blir styrka, og totalt er det i 2021 avsett over ein halv milliard kroner til forsyningsberedskap – spesielt ammunisjon, reservedelar og medisinsk forbruksmateriell.
– Gjennom fortsatt og auka satsing på forsyningsberedskap, vil Forsvaret gradvis auke evna si til å tole påkjenningar, og vi legg til rette for ein robust struktur og operativ evne over tid. Betre forsyningsberedskap er høgt prioritert hos forsvarssjefen, seier forsvarsministeren.
Både inneverande langtidsplan og regjeringas forslag til ny langtidsplan legg opp til betydelege aukar i budsjetta i åra framover. Dette vil betre beredskapen og den operative evna til Forsvaret, noko som er avgjerande for å møte den endra og skjerpa tryggingspolitiske situasjonen.
Tryggleik for Noreg
Tryggleik og tillit er viktig for regjeringa. Det er nødvendig med eit sterkt nasjonalt forsvar for å møte utfordringane saman med NATO og våre allierte. Ved å ta vare på våre tryggingspolitiske interesser får vi også handlingsrom på andre politikkområde. Med statsbudsjettet svarer regjeringa på dei langsiktige utfordringane Noreg står overfor: Vi skal skape meir og inkludere fleire. Vi skal bidra til at bedriftene kjem i gang igjen over heile landet og at flest mogleg kjem i arbeid. Vi må skapa fleire jobbar, i fleire bransjar, over heile landet. Også forsvarsbudsjettet gir sitt bidrag til dette.
Regjeringa foreslår derfor mellom anna å
- styrke forsyningsberedskapen med om lag ein halv milliard kroner. Det er i hovudsak Hæren som blir prioritert i 2021 – med ammunisjon, reservedelar og medisinsk forbruksmateriell.
- investere om lag 220 millionar kroner i bygg for kavaleribataljonen på Porsangmoen og jegerkompaniet på Høybuktmoen i Troms og Finnmark.
- investere om lag 1,3 milliardar kroner i Evenes flystasjon i Nordland.
- investere om lag ein milliard kroner til Ørlandet flystasjon i Trøndelag.
- investere om lag 350 millionar kroner til Haakonsvern i Vestland.
- auke investeringa i nye maritime patruljefly, sjømålsmissil og landbasert transportstøtte med til saman 1,4 milliardar kroner.
- finansiere nye kampfly med baseløysning med sju milliardar kroner.
- nytte ein milliard kroner til Noregs innsats i internasjonale operasjonar.
ha eit høgt aktivitetsnivå i Forsvaret og bygge opp avdelingane i Finnmark landforsvar.