Kjersti Toppe, Stortingsrepresentant, Senterpartiet
Kunnskapsgrunnlaget frå den kritiserte «Nasjonal ramme for vindkraft» frå NVE, vil regjeringa vidareføre. Dette betyr at fjellområda i både Sunnhordland, Nordhordland og Gulen blir vurdert som blant dei mest egna områda for ny vindkraftutbygging i Norge. At regjeringa etter sterkt press la bort Nasjonal ramme for vindkraft, var bra. Men det hjelper fint lite dersom kunnskapsgrunnlaget frå forslaget likevel blir førande for regjeringas politikk.
Aktørar står no i kø for å bygge ut vindindustri i fjellheimen i Hordaland og Sogn og Fjordane. I fjellområda mellom Bergen og Sogn er det fleire planar som til saman kan gje opp mot 750 vindturbinar. Prosjektet Hordavind vil aleine bety Europas største vindkraftverk på land, på eit areal tilsvarande Åsane bydel. Turbinane blir fire gonger høgare enn rådhuset i Bergen, og kvar turbin krev oppstillingsplass tilsvarande ei halv fotballbane – og i tillegg kjem 800 meter med anleggsveg.
At slike store natur- og arealinngrep kan få skje utan ein gong at det er krav til vanleg reguleringsplan, er uhøyrt. Men regjeringa seier altså nei til å sikre demokratiske prosessar og å regulere slik anlegg etter plan- og bygningslova. Får regjeringa det slik dei vil, vil det vere strengare reglar for å etablere ballbingar i bustadområder enn å etablere vindturbinar i urørt natur.
Regjeringa vil heller ikkje innføre nye skattar eller avgifter på vindkraft no. Men det er heilt urimelig at vindkraftselskap betaler langt mindre i skatt enn selskap som produserer vannkraft. Senterpartiet har i Stortinget føreslått å betre skatte- og avgiftspolitikken for vannkraft og å skjerpe skatte- og avgiftspolitikken for vindkraft, samt å utgreie ein heimfallsordning. Men forslaga har blitt stemt ned av regjeringspartia.
No hastar det med tiltak som hindrar tap av urørt natur og viktige friluftsområde. Senterpartiet vil gå imot all vindkraftutbygging på land, unntaket er der det er lokal forankring. Ingen konsesjon til vindkraft skal kunne gis utan at desse først er avklart gjennom kommunale arealplanvedtak, etter plan- og bygningslova.
Vi håpar på fleirtal for våre forslag i Stortinget i haust.