Av Jostein Sandsmark
(INNLEGG): Det var biskopen i Tunsberg, Laila Riksaasen Dahl, som for vel 20 år sidan la grunnen for den almenne aksepten av homofilt samliv i kyrkja. Ho var med i Lærenemnda som skulle utreia dette spørsmålet, og etter tre års arbeid vart eit 160 siders skrift offentleggjort.
Men LRD fylgde ikkje hovudintensjonen til fleirtalet i nemnda, men støtta seg til det liberale mindretalet og sende ut sitt «hyrdebrev»: «Derfor endret jeg syn». Her grunngjev ho sitt nye standpunkt, – men det er fritt for grunnlagsstøtte i Skrifta. Det består i hovudsak av fire utsegner som er reine retoriske perler, men som ikkje held teologiske mål. «Meisterskap i talekunst» kallar Paulus slikt. Det var biskoppeleg synsing bygd på kjensler og tidstrendar. Den bibelske sanningsgehalten er meir enn lettvektig.
Den første lydde slik: «Hvordan kan jeg forsvare å legge byrder på andre som jeg ikke vil bære selv?» Alle kan sjå at dette ikkje bibelsk.
Likevel vart ho med desse utsegnene premissleverandør for heile presteskapet.
Ingen la i mot og avdekka det ubibelske, men fylgde opp. God hjelp fekk ho også av bispekollega Tor B Jørgensen som i si første utsegn som nyordinert bisp kom med denne proklamasjonen: «Jeg vil kjempe for de homofiles rettigheter».
Sidan kom han med fleire spissformuleringar som prega utviklinga vidare. Den mest uhyrlege var: «Den homofiles identitet er hans menneskeverd».
Men trass i denne absurditeten vart utsegna grådig omfamna av homoaktivistane og brukt for alt ho var verdt. Likeins denne: «Homofili er uttrykk for en vakker og berikende variasjon av Guds skaperverk». Fjernare frå bibelordet om homofilt samliv er det vanskeleg å koma. Men ingen frå teologisk ståstad opponerte mot vranglæra, – og så har me den situasjonen me har i dag.
Eg gav på den tid ut ei bok med tittelen TRENDRYTTARAR der eg påviste at basis og utsegnene deira ikkje hadde skriftstøtte, og sende ho til alle bispekontora og til profilerte kyrkjeleiarar. Respons: Ingen. Tidd i hel. Eg fekk ikkje ein einaste tilbakemelding – korkje med støtte eller motsegn.
Det er eitt forhold som slår meg når det gjeld homoforkjemparane: Dei er så sikre i si sak. Kor tek dei det frå? Dei jublar utan atterhald for kvar homosiger, og kjempar iherdig for neste skanse. Og at denne kampen skjer med støtte av nær heile presteskapet er uforståeleg – når dei ikkje kan beleggja det med spesifikke bibelord.
Og dette er våre åndelege leiarar?