Av Jostein Sandsmark
(27. januar 2019): Å oppleva Hardanger i mai med sprakande fargar og naturens mangfald – mot dalsidene i vinterhabitt blir ein skrikande kontrast.
Me tok ein tur nå i januar frå Geilo over vidda ned Måbødalen til Sørfjorden og reiste frå minus 12 og eit snødekka landskap i matt vinterdvale til Ullensvang med pluss ein grad og all natur i kvitt, svart og grått.
Den vanlege utsikta frå vegen over vidda med dei fjerne horisontane hadde skrumpa inn til ein sikt på få meter, med snødrivene feiande over vegbanen og brøytestikkene som einaste faste haldepunkt.
Frukttrea på dalsidene i Hardanger sto nå svarte og nakne i skarp motsetnad til den fargerike utsjånaden midt i mai. Det var som ei anna verd.
Den rivande kontrasten i synsinntrykka var ei sterk oppleving.