Av Ludvig Hope
Eg kjem snart; hald fast ved det du har, so ingen skal taka kruna di! (Opb. 3,11)
Dette er ropet til oss frå Han som veit at me har so lett for å slå oss til ro her i verdi og gro fast på kanten av vår grav. Stundom ser det også slik ut for oss at Han kjem ikkje snart; men det er no so likevel.
Ikkje berre av den grunn at tusen år er for Gud som dagen i går, men også fordi livet her fer så fort ifrå oss. Stansar me litegrand i farten og tenkjer på den tid me har levt, so har det i sanning gått fort. Alt er som ein stutt draum, som røyk i klår luft og som vegen skipet fer i havet. Igrunnen er det berre det andedraget me no dreg, som er vårt, det næste eig Gud. Han kan gi oss det næste, um Han vil, men Han kan også lata de vera. So snart kan Han koma.
Sin tid og time ingen vet,
Vel den som alltid er beredt.
Du som fann vegen, sanningi og livet, og har gripe um krossen og Kristus, til deg seier Gud: Hald fast der! Berre over krossen vinkar kruna, og berre dei som held fast i Jesus, kan vinna kransen. Der skal me meir enn vinna, ved Han som elska oss. Men ei stor hjelp til å halda fast, er å koma ihug at livet her er stutt. Der tanken på et langt liv får rom i hjarta, der er det lett å sleppa krossen og missa kruna.
En liten stund så skal vår brudgom komme,
Med lampen tendt vi Ham i møte går;
En liten stund så er vår vandring omme,
Som Jesu brud vi da for tronen står.
Andakten er hentet fra «Eit Ord idag» på A/S Lunde & Co’s Forlag 1933.