Av Ludvig Hope
(Andakt): Aldri er ein kristen meir heilag glad enn når han ser upp og inn der aldri sol går ned, der tåra aldri renn, og der døden aldri bankar på livsens dør. Med dette land framfor seg, i full vissa um at det snart er vunne, kan ingen motgang få ein kristen til å klaga og ingen storm losna ankeret som er kasta «innum fyrehenget».
Det underlege og trøystefulle er at voni er mest levande og sterk hjå dei kristne som har det tyngst i verdi. Velvære og gode dagar legg seg som bly på voni sine vengjer, men Guds tuktande nåde lyfter oss pånytt. Som regel vil du aldri møta meir heilage og glade kristne enn deg som har det tyngst her i livet. Den levande voni eig også denne under-makt: Ho gjer tidi her nede stutt for oss. Etter kvart som voni ber oss uppover mot vårt heimland, gløymer me tidi og striden.
Ein dag møtte du ein kristen med hendene fulle av alle verdsens ting; han klaga og var misnøgd med alt. Ein annan dag møter du han att ved ei grav der han har lagt det kjæraste Gud gav, og der ved gravi seier han: Snart er også eg heime.
Voni har påny vorte levande, og tidi so stutt for hans indre syn.
«Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi fader, Han som etter si store miskunn har atterfødd oss til ei levande von ved Jesu Kristi uppstoda frå dei døde!» (1. Pet. 1, 3)
Andakten er hentet fra Ludvig Hopes andaktsbok «Eit ord i dag»