Av Jostein Sandsmark
(11.09.2018): Knut Arild Hareide tok over leiinga av KrF som eit livskraftig parti med tydelege haldningar og ein stabil veljarmasse.
Etter fleire år ved roret har ikkje storleik eller påverknadskraft auka – slik som Hareide hadde som mål. Partiet har kropna til ein fjerdedel av det det ein gong var – politikken er uklår og vegval har vore på tvers av grunnfjellet sine ynske.
KrF-skuta har gått frå skralt til verre, utan at kapteinen har justert kursen. Han har vore utydeleg i dei fleste store spørsmåla – men eitt prinsipp og vedtak har vore klårt: «Absolutt nei til regjeringssamarbeid med Frp».
Forventa Hareide ei sterk tilstrøyming av nye veljarar etter det einaste klåre standpunktet han har teke? Nei, det viste berre kor feil han tok og kor han er i utakt med veljarane sine: For partiet har tapt identitet, og veljarmassen skala av. Hareide og dei andre i leiinga burde kunna lesa tal, men tok ikkje notis av medlemssvikten i partiet dei var sette til å leia.
Sidan har han målbore – om enn vinglete og utydeleg – ymse haldningar som ikkje har funne støtte hjå dei som har valt han til å fremja sakene som har vore KrF sitt varemerke og agenda frå starten av.
Men KrF-veljarane er lojale og har ikkje gjort oppreist mot leiinga – som aldri har teke notis av spake hint, – eller den kraftige avskalinga i partiet. Leiinga sin ynskjedraum om eit stort parti som kunne femna alle og få stort gjennomslag for KrF-politikken har vore ein naiv, urealistist utopi.
Hareide har vore ei ulukke for partiet han vart vald til å leia – ved å fjerna seg frå dei berande grunnidear som skapte KrF – og som veljarane på Sør- og Vestlandet har vore tru mot.